torsdag 16. august 2012

BarnehageJakka :)

Godt å sette i gang med strikking etter sommaren ferien :) Prøvde meg på ei eigenkomponert oppskrift som eg har fundert på ei stund. Strikka fram og tilbake med dobbel tråd (sisu), falsk vrangbord trur eg det vert kalla, og sett isamen med ragland felling. Jakka vart tjukk(!) med GOD stretch. Ser for meg at den passer fint under dressen når vinteren kjem :) På østlandet kan det jo verte mange minus, difor vart jakka med på toget over fjellet og levert til jenta som nettopp byrja i barnehagen, der av namnet barnehagejakka :) Knappar vart festa på toget så eg fekk ikkje tatt bilete med..


 Såg ganske raskt at det kom til å bli lite med grønt garn så måtte legge inn fleire rosa striper enn planlagt.  Vart ikkje heilt fornøgd med det, ser for meg at to striper er optimalt eller ingen viss grunnfargen er perfekt.  Ellers må eg sei meg ganske fornøyd. Denna gangen har eg faktisk skreve ned oppskrifta, så kanskje eg strikkar ei til med eit par små justeringar...






1 kommentar:

  1. Kjempe fine jakka :-)
    Lika stripene som dei er her eg ...

    SvarSlett

Så kjekt at du vil kommentera :)