fredag 2. november 2012

Har du ein favoritt?

 Sidan sist har eg snart strikka fem par vottar!

 

Eg har mykje garn liggande, men sjeldan meir enn eit nøste av kvar sort. passar det fint å strikka selbuvottar.
Vart knapt med brun, difor kvite tomlar. Vart i grunnen fint.   
 



 










Det raude paret er allereie flitting brukt. Resten trur eg ventar på julafto :)



søndag 7. oktober 2012

torsdag 27. september 2012

Selbuvottar

Dagens visdomsord:
 Ein kan aldri få for mange selbuvottar!




 Nøgd med dei "nye" tomlane :) (sjølv om dei vart spegelvendt) 
Eit nytt par er på pinnane...

søndag 2. september 2012

Ein genser..

 Eg byrja på ein gryteklut, det vart ein genser :) Så den vart til litt sånn etterkvart som eg stikka.. Hadde ikkje så mykje garn, 3 nøster med 50 gram og litt restar, difor litt ymse grunnfargar. Strikka den i to deler, ei framside og ei bakside som eg stikka samen ved skuldrene. 
Framsida

Baksida
Litt stutt-tjokk kanskje, men sletts ikkje gale :D 



torsdag 23. august 2012

mandag 20. august 2012

Testar Mobilblogging

Meir bomullsgarn.


Helgeproskjet

Eg har lenge hatt liggjande noko bomullsgarn som eg ikkje har visst kva eg skulle bruke til. Kjøpt på sal eingong, og var eingentlig tiltenkt eit teppe. Men eg innsåg raskt at det vart eit for kjedelig og langdrygt prosjekt for meg. Istaden starta eg på noko som tilslutt vart ein stripete kjole :) Litt dumt at sommaren er over for i år..  Har endo nokre nøster liggande så det vert nok ein genser og, kanskje utan vrange overgangar.

 Storleiken er eg litt usikker på. Den er ca 48 cm lang og 50 cm rundt brystet.


Tilslutt "plante"dekorasjonen min, som eg vart så nøgd med :)



torsdag 16. august 2012

BarnehageJakka :)

Godt å sette i gang med strikking etter sommaren ferien :) Prøvde meg på ei eigenkomponert oppskrift som eg har fundert på ei stund. Strikka fram og tilbake med dobbel tråd (sisu), falsk vrangbord trur eg det vert kalla, og sett isamen med ragland felling. Jakka vart tjukk(!) med GOD stretch. Ser for meg at den passer fint under dressen når vinteren kjem :) På østlandet kan det jo verte mange minus, difor vart jakka med på toget over fjellet og levert til jenta som nettopp byrja i barnehagen, der av namnet barnehagejakka :) Knappar vart festa på toget så eg fekk ikkje tatt bilete med..


 Såg ganske raskt at det kom til å bli lite med grønt garn så måtte legge inn fleire rosa striper enn planlagt.  Vart ikkje heilt fornøgd med det, ser for meg at to striper er optimalt eller ingen viss grunnfargen er perfekt.  Ellers må eg sei meg ganske fornøyd. Denna gangen har eg faktisk skreve ned oppskrifta, så kanskje eg strikkar ei til med eit par små justeringar...






tirsdag 3. juli 2012

Kontstrikk

Starta med ein prøvelapp, må sei meg ganske nøgd. 

Frå boka kontstrikk av Ruth Gullbekk Bolstad, som eg forøvrig ikkje er heilt nøgd med. Kunne med fordel inneholde mykje fleire bilete av strikketeknikk..

 Det var ikkje lett å forstå korleis eg skulle strikka, men eg fekk det til etter eindel prøving og feiling. Det var veldig artig å strikke tilbake med venstre hand (i staden for å snu og strikke vrangt tilbake).


Måtte prøve meg på noko litt meir avansert, trur det vert eit par Tjokkalubbe :D På tide! Har ikkje bestemt meg for om det vert vanleg fot eller om eg skal strikke kontstrikk heile vegen.



lørdag 16. juni 2012

Melodi Grand Prix

Eg er framleis litt vonbroten for at Noreg kom på sistepass i den internasjonale finalen, men det er vel på tide å legge det bak seg.. Her er kjolen eg sydde til den store festen:



Særs nøgd, sjølv om eg fekk veldig lite tid på slutten så sømmen rundt armane og halsen er litt slurvete gjort. Får fikse på det ein annen gang viss eg finn ut eg vil bruke den ved ei finare høve. Det  å sy i glidlås var vansklegare enn eg huksa, så den må nok og endras på. Møsteret til kjolen laga eg sjølv med å sjå etter ein anna kjole. Det gjekk forsåvidt greit, men litt sånn cirka vert det jo. Stoffet er frå eit skjørt og ei jakke som eg fekk av Besto.


Snikreklame for BSI orientering :)


 
 

Ølhaldar





Same veke som eg skulle på MODS konsert var det ei venninne som tipsa meg om at eg kunne strikke meg ein ølhaldar. For ein genial idé tenkte eg og for rett heim og starta på prosjektet. Eg som elskar øl og stikking MÅ jo ha ein heimastikka ølhaldar. For å vere heilt ærleg hadde eg ikkje stor forhåpningar til prosjektet, men for ein SUKSESS! Om ikkje det er tidenes beste konsert/festival gadget så veit ikkje eg. Det er eit MUST på konsert. Så til alle dykk som sel falske t-skjorter og anna dritt utanfor store konsertar, start å selje ølhaldara! Kjem til å gå som hakka møkk :)  Eg kan stikke eg, viss eg får ein god provisjon.


Veldig enkelt å strikke: Eg brukte garn som skal tovast (ullteppegarn frå gjestdal) la opp 60 masker på settpinnar (str 5)  og strikka rundt til eg tenkte det var langt nok. Felte av dei to første og siste maskene på kvar pinne til det var totalt 4 masker att, og snurpa igjen. Vaks på 40 grader i maskinen og lot "koppen"  tørke over eit passe stort glas. Stikka så ei remse i rillestikk og sydde på, voilà. Etter bruk er det fullt mogleg å vaske den i maskinen, bare huks å tørke den over eit glas, så får den perfekt passform.

Eg kjem rett og slett ikkje over kor utrulig fantastisk den ølhaldaren er. 

Og for dei som lure, konserten var om mogleg betre enn ølhaldaren :)

fredag 8. juni 2012

Pussing og Malig

Skatollet eg fekk av mormor og morfar har stått og venta på å bli mala i nesten eit år nå, og endelig fekk eg gjort det. Trur eg vart rimlig fornøyd med resultatet.

Først var det pussing og sparkling, kjedelig! (takk gud for pussemaskin). Så vart det maling; etter lange diskusjonar falt valet på takmaling, kvit base :P (da va da som stod i boden). Tenke først å bare ta eit par strøk som grunning, men fann ut at det passa fint med den matte kvite fargen. Måtte ha 4 strøk før eg vart nøgd. 
Inni vart det pussa og lakkert på nytt.

 Det vanskligaste var vel eigentleg å finne nye knottar. Eg var ikkje heilt nøgd med utvalet på butikkane eg var innom, men ente tilslutt opp med nokre grønne (sjokk) frå kremmerhuset. Er framleis ikkje heilt sikker på om det var rett val, men fargen passa i da mista til veggen :)


FØR
Gløymte sjølvsagt å ta bilete av heile skatollet før eg monterte av knottar, men kom på det etterpå..





torsdag 31. mai 2012

Morosett

Oppskrift og garn frå Pickles, med eit par justeringar sjølvsagt :) Buksa stikka eg vel mest etter oppskrift frå Nøstebarn, der er det lagt inn litt fleire vendigar og større kile.



Eg likar veldig godt å stikke i merinogarnet til pickles, og så har dei så mange flott fargar! Bare dumt at dei ikkje har butikk her i Bergen. Det kan nemleg vere litt vanskeleg å avgjere kva fargar som passar samen utifrå inntrykket på dataskjermen.


søndag 13. mai 2012

tirsdag 8. mai 2012

Påminning

I gyngestolen min ligg det eit heklateppe som eg ser på kvar gong eg tenker det hadde vore kjekt å hekla litt. Når eg ser det kjem eg på kvifor det ikkje hadde vore kjekt å hekla litt. Eigentleg skulle det teppet vere tre til fire ganger større enn det er. Det var rett og slett så kjedlig å hekle alle dei lappane at eg tilslutt gav opp. Trur det tok meg 3 år å fullføre det, ikkje liknar det så mykje på orginalteppet heller. Fann ikkje lenk til mønsteret på nettet, men det er frå Gjestdal (Garnet, ullteppegarn, er frå same produsent).

Det vart jo fint, men det vert lenge til neste hekleprosjekt.

Sjølv om det komande bursdagsbarnet neppe les bloggen så har eg valt å ikkje legge ut prosjektet eg nett vart ferdig med :) Difor eit gamalt prosjekt altså...

mandag 30. april 2012

2VegsBukse 2


Denna gangen med "pynt". Hadde ikkje så god fantasi så da vart hjerter :) Kløpte ut for hånd og sydde på, først med vanlege sting så sikksakk sting over. Da var ikkje så lett å få fint, så da er sikkert ein fordel å ha sånn mellomleggsstoff som du kan stryka på "pynt" først.

Buksa vart veldig stor og tjukk, sikkert 3 år, så den vert nok liggande i skapet ei stund.





lørdag 21. april 2012

Herr og Fru Rest

Perfekt prosjekt for oss som har problem med å kaste garnrestar. Eg tar vare på tar vare på alle garnstubbar lengre enn 1 meter :)
  Utrulig enkle og raske å laga. Fann oppskrifta i ei av bøkene på biblioteket :) 

 Legg opp 32 masker på pinne 3.5, strikk rundt på settpinnar frå sko til hue. Skift farge når det passer (typisk 4 r sko, 14 r bein, 12 r kropp, 8 r ansikt) etter 8 runder med hue fell av 1 maske på kvar pinne til det er 1 maske att på kvar pinne og snurp igjen. Fyll hovudet, snurp samen slik at du får hals; sy "inn" armer og bein før du fyller resten av dokka; snurp tilslutt i samen nederst. Så er det berre å dekorere :D
  Dei vart litt stilige. Trur eg skal gå ned i pinnestørrelse og garntjukknad og lage meg ein nøkkelring :) 

Legg opp 32 masker på pinne 3.5, strikka rundt på settpinnar frå sko til hue. Skift farge når det passer(typisk 4 r sko, 14 r bein, 12 r kropp, 8 r ansikt) etter 8 runder med hue fell av 1 maske på kvar pinne til det er 1 maske på kvar pinne og snurp igjen. Fyll hovudet, snurp samen slik at du får hals; sy "inn" armer og bein før du fyller resten av dokka; snurp tilslutt i samen beina. Så er det berre å dekorere :D