Du har nok kome til min personlege skryteblogg. Her kjem du til å fine innlegg om alle dei fine plagga eg strikker og syr. Håpar noko av det du ser fell i smak :)
torsdag 23. august 2012
mandag 20. august 2012
Helgeproskjet
Eg har lenge hatt liggjande noko bomullsgarn som eg ikkje har visst kva eg skulle bruke til. Kjøpt på sal eingong, og var eingentlig tiltenkt eit teppe. Men eg innsåg raskt at det vart eit for kjedelig og langdrygt prosjekt for meg. Istaden starta eg på noko som tilslutt vart ein stripete kjole :) Litt dumt at sommaren er over for i år.. Har endo nokre nøster liggande så det vert nok ein genser og, kanskje utan vrange overgangar.
Storleiken er eg litt usikker på. Den er ca 48 cm lang og 50 cm rundt brystet.
Tilslutt "plante"dekorasjonen min, som eg vart så nøgd med :)
torsdag 16. august 2012
BarnehageJakka :)
Godt å sette i gang med strikking etter sommaren ferien :) Prøvde meg på ei eigenkomponert oppskrift som eg har fundert på ei stund. Strikka fram og tilbake med dobbel tråd (sisu), falsk vrangbord trur eg det vert kalla, og sett isamen med ragland felling. Jakka vart tjukk(!) med GOD stretch. Ser for meg at den passer fint under dressen når vinteren kjem :) På østlandet kan det jo verte mange minus, difor vart jakka med på toget over fjellet og levert til jenta som nettopp byrja i barnehagen, der av namnet barnehagejakka :) Knappar vart festa på toget så eg fekk ikkje tatt bilete med..
Såg ganske raskt at det kom til å bli lite med grønt garn så måtte legge inn fleire rosa striper enn planlagt. Vart ikkje heilt fornøgd med det, ser for meg at to striper er optimalt eller ingen viss grunnfargen er perfekt. Ellers må eg sei meg ganske fornøyd. Denna gangen har eg faktisk skreve ned oppskrifta, så kanskje eg strikkar ei til med eit par små justeringar...
Abonner på:
Innlegg (Atom)