Eg har bestemt meg for å ha forbud mot å kjøpe nytt garn. Viss eg er sikkeleg flink så skal eg ikkje kjøpe nytt garn før året er omme. Det er litt vel optimistisk, men fram til sommaren skal eg i klare. Uansett grunnen for denne ideen er at eg har nok garn å ta av, men det ikkje alltid er så mykje av kvar sort/farge. Då passa det bra å strkke ein restegenser:)
Den er stikka med dobbel tråd, stort sett ein tråd pickles merino ekstra fine og ein tråd drops baby merino. Det vart ein litt rar genser, men den er mjuk og god:) Det var i alle fall ein ypperleg måte å få brukt opp litt garn på.
Har laga til knappehol øverst i halsopningen, men klarte aldri bestemme meg for kva knappar eg skulle velje. Genseren er framleis knappelaus....



