Starta med ein prøvelapp, må sei meg ganske nøgd.
| Frå boka kontstrikk av Ruth Gullbekk Bolstad, som eg forøvrig ikkje er heilt nøgd med. Kunne med fordel inneholde mykje fleire bilete av strikketeknikk.. |
Det var ikkje lett å forstå korleis eg skulle strikka, men eg fekk det til etter eindel prøving og feiling. Det var veldig artig å strikke tilbake med venstre hand (i staden for å snu og strikke vrangt tilbake).
Måtte prøve meg på noko litt meir avansert, trur det vert eit par Tjokkalubbe :D På tide! Har ikkje bestemt meg for om det vert vanleg fot eller om eg skal strikke kontstrikk heile vegen.