torsdag 31. mai 2012

Morosett

Oppskrift og garn frå Pickles, med eit par justeringar sjølvsagt :) Buksa stikka eg vel mest etter oppskrift frå Nøstebarn, der er det lagt inn litt fleire vendigar og større kile.



Eg likar veldig godt å stikke i merinogarnet til pickles, og så har dei så mange flott fargar! Bare dumt at dei ikkje har butikk her i Bergen. Det kan nemleg vere litt vanskeleg å avgjere kva fargar som passar samen utifrå inntrykket på dataskjermen.


søndag 13. mai 2012

tirsdag 8. mai 2012

Påminning

I gyngestolen min ligg det eit heklateppe som eg ser på kvar gong eg tenker det hadde vore kjekt å hekla litt. Når eg ser det kjem eg på kvifor det ikkje hadde vore kjekt å hekla litt. Eigentleg skulle det teppet vere tre til fire ganger større enn det er. Det var rett og slett så kjedlig å hekle alle dei lappane at eg tilslutt gav opp. Trur det tok meg 3 år å fullføre det, ikkje liknar det så mykje på orginalteppet heller. Fann ikkje lenk til mønsteret på nettet, men det er frå Gjestdal (Garnet, ullteppegarn, er frå same produsent).

Det vart jo fint, men det vert lenge til neste hekleprosjekt.

Sjølv om det komande bursdagsbarnet neppe les bloggen så har eg valt å ikkje legge ut prosjektet eg nett vart ferdig med :) Difor eit gamalt prosjekt altså...