tirsdag 3. juli 2012

Kontstrikk

Starta med ein prøvelapp, må sei meg ganske nøgd. 

Frå boka kontstrikk av Ruth Gullbekk Bolstad, som eg forøvrig ikkje er heilt nøgd med. Kunne med fordel inneholde mykje fleire bilete av strikketeknikk..

 Det var ikkje lett å forstå korleis eg skulle strikka, men eg fekk det til etter eindel prøving og feiling. Det var veldig artig å strikke tilbake med venstre hand (i staden for å snu og strikke vrangt tilbake).


Måtte prøve meg på noko litt meir avansert, trur det vert eit par Tjokkalubbe :D På tide! Har ikkje bestemt meg for om det vert vanleg fot eller om eg skal strikke kontstrikk heile vegen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du vil kommentera :)