søndag 15. april 2012

Litt frå Thailand

Det vart ikkje så mykje hobby shopping som eg kanskje hadde håpa på. Rett og slett fordi eg ikkje fann så mykje. Sjølv om kvar tredje butikk i Thailand er skredder butikke (1/3 masasje plass og resten er forbeholdt matservering ;) ) så var det lite stoff med artig mønster. Det var for det meste meir klassiske stoff til dressar skjorter og kjolar for damer.

Men eg fann eit finn stoff langt inne i ein butikk på eit kjøpesenter:)

På marked i Bangkok kom eg også over runde treknappar, så da skal eg ha nok av ei stund framover:) I tillegg kjøpte eg litt knappar på ein garnbutikk, angra nesten med ein gong på at eg ikkje tok med meg fleire. Veit ikkje kva eg tenkte.. Betalte vel kanskje 14kr for desse knappane, nesten gratis.

1 kommentar:

  1. E alltid sånn at ein tenke ein skulle kjøpa meir... Men noko må ein jo ha å handla neste gong :-)

    SvarSlett

Så kjekt at du vil kommentera :)