Ein dag eg skulle ein liten tur innom biblioteket på jobb for å snoke i litt pensumlitteratur forvilla eg meg heilt inn i til enden av biblioteket. Og trur du ikkje eg plutseleg oppdaga ein hylleseksjon med husmorbøker:) Mest diverse kokebøker, men også ein god del gamle handarbeidbøker. Så då vart eg sittande, heilt til telefonen ringte (nokon hadde gløymt att nøkkelen til leiligheten inne i leiligheten).
Tenk at eg har eg gått inn og ut av det biblioteket i 8 år, utan å ha den fjernaste anelsen om at det også var eit bibliotek for husmødre :D Det var eit hav av sytips, stikketips. Det vert nok hyppigare turar innom biblioteket i tida som kjem!
Eg fann blant anna oppskrift på denne kortbuksa (er vel kanskje meir passande å kalle det ei truse)
Uansett:
Kor kult er det ikkje å ha matchande kjole og trusa?
Eg berre elska da :) Plutselig får alle mine kjolar matchande trusa.
Kor praktisk det er, er ein anna sak. Den er sydd i størrelse 2 år, men eg syns den ser litt liten ut ( men det syns eg det meste babytøyet eg lagar er). Kva tid er det normalt å slutte med bleie?


Så utrulig skjønt.. Nå sluttar kidsa sjeldan med bleie før godt opp i skulealder. Eg trur ikkje da e unormalt at barn brukar bleie til dei er 2-3år. Kjem litt an på i grunn.
SvarSlettEg er så glad for at puddingen snart har bursdag.. Hint-hint.. :)
Skal du laga sånn til dine kjolar og? Eg ønske meg til 30års dagen.. :)
Ja da e veldig individuelt kor tid dei sluttar. Men dei seie at gjennomsnittet ligger på 3 år.... Høyres mykje ut i mine øyre...
SvarSlettKjempe fint sett....
Eg stemme for at Anette får sånt sett til 30års dagen :-)
Eg e så gamal at eg hugsar dei buksene der. Trur heilt sikkert at Stine har hatt dei og.
SvarSlett