fredag 8. juni 2012

Pussing og Malig

Skatollet eg fekk av mormor og morfar har stått og venta på å bli mala i nesten eit år nå, og endelig fekk eg gjort det. Trur eg vart rimlig fornøyd med resultatet.

Først var det pussing og sparkling, kjedelig! (takk gud for pussemaskin). Så vart det maling; etter lange diskusjonar falt valet på takmaling, kvit base :P (da va da som stod i boden). Tenke først å bare ta eit par strøk som grunning, men fann ut at det passa fint med den matte kvite fargen. Måtte ha 4 strøk før eg vart nøgd. 
Inni vart det pussa og lakkert på nytt.

 Det vanskligaste var vel eigentleg å finne nye knottar. Eg var ikkje heilt nøgd med utvalet på butikkane eg var innom, men ente tilslutt opp med nokre grønne (sjokk) frå kremmerhuset. Er framleis ikkje heilt sikker på om det var rett val, men fargen passa i da mista til veggen :)


FØR
Gløymte sjølvsagt å ta bilete av heile skatollet før eg monterte av knottar, men kom på det etterpå..





2 kommentarer:

  1. Kjempe fint.. :) eg satse på at me får gjort ferdig våre oppussingsprosjekt i løp av sommaren..

    SvarSlett
  2. Godt arbeid.
    Den blei fine. :)

    SvarSlett

Så kjekt at du vil kommentera :)