Same veke som eg skulle på MODS konsert var det ei venninne som tipsa meg om at eg kunne strikke meg ein ølhaldar. For ein genial idé tenkte eg og for rett heim og starta på prosjektet. Eg som elskar øl og stikking MÅ jo ha ein heimastikka ølhaldar. For å vere heilt ærleg hadde eg ikkje stor forhåpningar til prosjektet, men for ein SUKSESS! Om ikkje det er tidenes beste konsert/festival gadget så veit ikkje eg. Det er eit MUST på konsert. Så til alle dykk som sel falske t-skjorter og anna dritt utanfor store konsertar, start å selje ølhaldara! Kjem til å gå som hakka møkk :) Eg kan stikke eg, viss eg får ein god provisjon.
Veldig enkelt å strikke: Eg brukte garn som skal tovast (ullteppegarn frå gjestdal) la opp 60 masker på settpinnar (str 5) og strikka rundt til eg tenkte det var langt nok. Felte av dei to første og siste maskene på kvar pinne til det var totalt 4 masker att, og snurpa igjen. Vaks på 40 grader i maskinen og lot "koppen" tørke over eit passe stort glas. Stikka så ei remse i rillestikk og sydde på, voilà. Etter bruk er det fullt mogleg å vaske den i maskinen, bare huks å tørke den over eit glas, så får den perfekt passform.
Eg kjem rett og slett ikkje over kor utrulig fantastisk den ølhaldaren er.
Og for dei som lure, konserten var om mogleg betre enn ølhaldaren :)



Genialt. :)
SvarSlettVar ikke Fredrik og de andre litt misunnelige?