tirsdag 8. mai 2012

Påminning

I gyngestolen min ligg det eit heklateppe som eg ser på kvar gong eg tenker det hadde vore kjekt å hekla litt. Når eg ser det kjem eg på kvifor det ikkje hadde vore kjekt å hekla litt. Eigentleg skulle det teppet vere tre til fire ganger større enn det er. Det var rett og slett så kjedlig å hekle alle dei lappane at eg tilslutt gav opp. Trur det tok meg 3 år å fullføre det, ikkje liknar det så mykje på orginalteppet heller. Fann ikkje lenk til mønsteret på nettet, men det er frå Gjestdal (Garnet, ullteppegarn, er frå same produsent).

Det vart jo fint, men det vert lenge til neste hekleprosjekt.

Sjølv om det komande bursdagsbarnet neppe les bloggen så har eg valt å ikkje legge ut prosjektet eg nett vart ferdig med :) Difor eit gamalt prosjekt altså...

3 kommentarer:

  1. Amelia lese bloggen med stor iver.. :D Ho peike på alle dei fine tinga og seie: Å eg håpe at Tan2 har laga den til meg, mamma. Ho e så utrulig flink og eg ELSKE alt ho lage..
    Da seie ho nemlig.. :o)

    SvarSlett
  2. Fint teppe, men er enig med deg å hekla bestemorsruter er kjeeeedelig. Det er bare en ting som er værre, å hekla de sammen og kanten rundt (men den har du sløyfa ser jeg ;o)).

    SvarSlett
    Svar
    1. Heilt sant, og da med kanten hadde eg gløymt at eg tenkte å gjera ved eit seinare høve. Då e eg ikkje ferdig likevel: KJEDELIG :P

      Slett

Så kjekt at du vil kommentera :)